26 lærarar og skuleleiarar frå heile landet, pluss representantar frå våre gode samarbeidspartnarar NMBU og NDLA, fekk møte nord-norsk gjestfrihet, besøke SalMar sitt visningssenter for laks på Finnsnes og SalMar sitt nye lakseslakteri på Silsand.
Rundtur med minibussar på Senja gav tid til å snakke med kollegar under vegs, besøke Senja vgs avd Gibostad med geitefjøs og lære om bruk av skulebåten Skårongen.
Og jammen fekk vi også tid til å reflektere over lærande skuleleiing, og korleis blått og grønt naturbruk kan samarbeide for å gjera kvarandre gode.
Styret kunne legge fram ei svært rikhaldig årsmelding for 2023, økonomien vår ser grei ut, og alt vert godkjent av årsmøtet. Protokoll frå årsmøtet vil bli lagt ut så snart det er signert.
Styret er det same som i 2023, sidan alle som var på valg stilte til gjenvalg:
Anne Johanne Hatlinghus, Mære landbruksskole, gjenvalt som styreleiar
Stein Erik Svendsen, Senja vgs og Espen Hagen, Lena Valle vgs vart begge gjenvalde for 2 år
Ane C Munkeby, Hvam vgs, Kariann Myklebust Fagerli, Måløy vgs og Eva Britt Birkenes (vara) var ikkje på val.
Tusen takk til styret for leiing av arbeidet gjennom året! Tusen takk til alle dykk på skulane som gir oss positive og konstruktive tilbakemeldingar, brukar oss, og viser at de set pris på det Naturbruksskolenes forening gjer. Dette gir oss energi, og gjer det meiningsfullt og interessant å jobbe med organisasjonen vår!
Tekst og foto: Tone O Mosebø, dagleg leiar