Tema: Kva aktivitetar kan Erasmus støtte? – Og korleis skal vi dokumentere dei? Kva treng din skule stipend til for skuleåret 2026-27? Kva er EUROPEA Academy? Kva elevkonkurransar kan vi sende elevar på i 2027? +++
Målgruppe: Du som er skulen din sin kontaktperson for Naturbruksskolenes Erasmus-konsortium. NatFor inviterer til 4 like møte, velg det som passar best for deg.
Sakliste:
- Kva ønske har din skule for Erasmus-stipend gjennom vårt konsortium i løpet av skuleåret 2026-27? Du har kanskje meldt inn ønske i januar 2026, men ting forandrar seg, så eg spør derfor på nytt. Når eg får inn revidert ønskeliste frå kvar skule, er det lettare for meg å si tydeleg ja eller nei til alle nye ønske som måtte koma inn frå dykk. Tenk gjennom kva som er realistisk å få til for din skule, og så sender eg ut eit nytt skjema der du kan oppdatere og sende tilbake til meg.
- Krav til kvar enkelt type mobilitet med støtte frå Erasmus+, dokumentasjon, rapportering etc av dei same. Repetisjon og oppdatering av «reglar». Info om økonomi, kronekurs, Organisational support etc.
- Frå juni 2027 blir det lettare å gjennomføre mobilitetar med støtte frå Erasmus+ i UK igjen. Plattform for å registrere interesse/finne partnarar.
- Har skulen din hugsa å sende inn faktura på tildelte stipend for gjennomført aktivitet? Vi kjem til å sende ut ein mail til alle med frist 1.1.2027 for å sende faktura på stipend-tildelingar 2021, 2022, 2023 og 2024. Aktivitetane kan vera gjennomført i løpet av dei same åra + våren 2025. Nå er vi i ferd med å bruke stipend vi fekk tildelt i 2025, og fristen gjeld altså ikkje stipenda de brukar etter 1.6.2025. Her vil de få ein ny frist i 2027.
- Informasjon om EUROPEA Academy – eit initiativ frå det europeiske nettverket vi er med i, EUROPEA International, om å lage relevante kurs for europeiske lærarar innan naturbruk. Mulighet til å spele inn kva vi ønsker oss kurs i og til sjølv å bidra med å lage kurs for andre.
- Kort sammendrag av rapporten vi har lagd på sist avslutta Erasmus-prosjekt, og tilbakemeldingen vi har fått frå HKDIR. Dette gjeld stipend vi fikk tildelt i 2024 og har brukt i perioden 2024-2026.
- Info om internasjonale elevkonkurransar i 2026 (så langt vi har informasjon)
- Felles jobbskyggingar vi tenker å organisere vår 2027 og ev haust 2027: Felles jobbskygging for de som er kontaktpersonar på skulane – til Budapest i Ungarn. Felles jobbskygging for styret i NatFor vår 2027 eller haust 2027 – UK eller Nederland? Felles jobbskygging for blått naturbruk – her jobbar vi med Nederland og ein skule på vestkysten av Frankrike
- Skular i utlandet som ønsker kontakt med norske skular. Vi har for tida førespurnad både innan skogbruk, tilrettelagt-undervisning og landbruk
- Kva ønsker din skule at vi skal gripe tak i?
- Eventuelt
Som de ser har vi ei lang sakliste. Vi har satt av 1,5 time, og dei sakene vi ikkje når å snakke om, kan vi eventuelt utsette til neste møterunde i januar 2027.
Velkommen!

