Naturbruksskolenes Erasmus-konsortium. Møte for skulane sine kontaktpersonar. 1 av 4 like møte

Date:
Time:
-
Kalender:

Tema: Kva aktivitetar kan Erasmus støtte? – Og korleis skal vi dokumentere dei? Kva treng din skule stipend til for skuleåret 2026-27? Kva er EUROPEA Academy? Kva elevkonkurransar kan vi sende elevar på i 2027? +++

Målgruppe: Du som er skulen din sin kontaktperson for Naturbruksskolenes Erasmus-konsortium. NatFor inviterer til 4 like møte, velg det som passar best for deg.

Sakliste:

  1. Kva ønske har din skule for Erasmus-stipend gjennom vårt konsortium i løpet av skuleåret 2026-27? Du har kanskje meldt inn ønske i januar 2026, men ting forandrar seg, så eg spør derfor på nytt. Når eg får inn revidert ønskeliste frå kvar skule, er det lettare for meg å si tydeleg ja eller nei til alle nye ønske som måtte koma inn frå dykk. Tenk gjennom kva som er realistisk å få til for din skule, og så sender eg ut eit nytt skjema der du kan oppdatere og sende tilbake til meg.
  2. Krav til kvar enkelt type mobilitet med støtte frå Erasmus+,  dokumentasjon, rapportering etc av dei same. Repetisjon og oppdatering av «reglar». Info om økonomi, kronekurs, Organisational support etc.
  3. Frå juni 2027 blir det lettare å gjennomføre mobilitetar med støtte frå Erasmus+ i UK igjen. Plattform for å registrere interesse/finne partnarar.
  4. Har skulen din hugsa å sende inn faktura på tildelte stipend for gjennomført aktivitet? Vi kjem til å sende ut ein mail til alle med frist 1.1.2027 for å sende faktura på stipend-tildelingar 2021, 2022, 2023 og 2024. Aktivitetane kan vera gjennomført i løpet av dei same åra + våren 2025. Nå er vi i ferd med å bruke stipend vi fekk tildelt i 2025, og fristen gjeld altså ikkje stipenda de brukar etter 1.6.2025. Her vil de få ein ny frist i 2027.
  5. Informasjon om EUROPEA Academy – eit initiativ frå det europeiske nettverket vi er med i, EUROPEA International, om å lage relevante kurs for europeiske lærarar innan naturbruk. Mulighet til å spele inn kva vi ønsker oss kurs i og til sjølv å bidra med å lage kurs for andre.
  6. Kort sammendrag av rapporten vi har lagd på sist avslutta Erasmus-prosjekt, og tilbakemeldingen vi har fått frå HKDIR. Dette gjeld stipend vi fikk tildelt i 2024 og har brukt i perioden 2024-2026.
  7. Info om internasjonale elevkonkurransar i 2026 (så langt vi har informasjon)
  8.  Felles jobbskyggingar vi tenker å organisere vår 2027 og ev haust 2027: Felles jobbskygging for de som er kontaktpersonar på skulane – til Budapest i Ungarn. Felles jobbskygging for styret i NatFor vår 2027 eller haust 2027 – UK eller Nederland?  Felles jobbskygging for blått naturbruk – her jobbar vi med Nederland og ein skule på vestkysten av Frankrike
  9. Skular i utlandet som ønsker kontakt med norske skular. Vi har for tida førespurnad både innan skogbruk, tilrettelagt-undervisning og landbruk
  10. Kva ønsker din skule at vi skal gripe tak i?
  11. Eventuelt

Som de ser har vi ei lang sakliste. Vi har satt av 1,5 time, og dei sakene vi ikkje når å snakke om, kan vi eventuelt utsette til neste møterunde i januar 2027.

Velkommen!

Del din glede