Dato og tid:
at - at
Kalender:
Som tidlegare år, har Naturbruksskolenes Forening fått invitasjon til å sende norske deltakarar til den europeiske konkurransen i eksteriørbedømming av storfe (CJAJ – Young People’s Animal Judging Competition) under Salon International de l’Agriculture (SIA) i Paris 1.–4. mars 2027. Konkurransen er ein del av Europas største landbruksmesse og samlar elevar frå mange europeiske land.
Vi har moglegheit til å sende inntil tre elevar og to følgjepersonar/lærarar. Deltakarane kan kome frå same skule eller frå fleire ulike skular. Frist for påmelding 25.11.2026. Send mail til Tone.olavsdotter.mosebo@vlfk.no om din skule er interessert.


