Årsmøtesamling i Finnmark mars 2026 -naturbruk og livet i grenseland

Frå hundespann og kongekrabbe til reindrift, forsking og økologisk landbruk: Årsmøtesamlinga i Finnmark gav 20 deltakarar fire innhaldsrike dagar i Kirkenes, Tana og Pasvik. Vi møtte engasjerte menneske, sterke fagmiljø og ei historie som framleis pregar kvardagen heilt nordaust i landet. Finnmarksløpet og historia i grenseland Det første møtet vårt med Finnmark vart Finnmarksløpet i […]

Frå hundespann og kongekrabbe til reindrift, forsking og økologisk landbruk: Årsmøtesamlinga i Finnmark gav 20 deltakarar fire innhaldsrike dagar i Kirkenes, Tana og Pasvik. Vi møtte engasjerte menneske, sterke fagmiljø og ei historie som framleis pregar kvardagen heilt nordaust i landet.

Finnmarksløpet og historia i grenseland

Det første møtet vårt med Finnmark vart Finnmarksløpet i Kirkenes. Å oppleve løpet frå eit sjekkpunkt er nesten som å sjå ein film i sakte kino. Det er lenge mellom kvart spann, og når hundane kjem inn, er det overraskande stille. Dei får mat, stell og ein velfortent kvil i ein haug med halm.

Deltakarane i den lengste klassa legg bak seg 1200 kilometer over vidda, i skiftande vêr og føre, motvind og medvind, med lange timar for både hundekøyrar og hundar. Kirkenes er halvvegs, så det var kanskje ikkje så rart at hundane var litt stille ...

Under lunsjen på hotellet fekk vi ei lyninnføring i samfunn og naturbruksnæringar i Aust-Finnmark av ein «gamal» medstudent frå NMBU, tidlegare landbrukssjef og journalist, som stilte opp heilt på sparket. Tusen takk, Iris Hallen! Du er både sporty og kunnskapsrik!

På Grenselandmuseet kom historia tett på. Forteljingane frå andre verdskrigen gjorde ekstra sterkt inntrykk fordi dei vart formidla nettopp der mykje av historia utspelte seg.

Vi vart også kjende med levekåra i Sør-Varanger rundt førre hundreårsskifte gjennom fotografia til Ellisif Wessel. Ho var fotograf, forfattar og legefrue som reiste rundt i distriktet saman med mannen sin og dokumenterte det ho såg. Livet var langt frå enkelt for mange, og i denne delen av landet var avstandane store og vintrane lange.

Grensa mot Russland er heile tida nær, og i Kirkenes minner skilt med både latinske og kyrilliske bokstavar om lange tradisjonar for kontakt over grensa. No er denne kontakten kraftig avgrensa. Opplevingane første dag gav eit viktig bakteppe for resten av reisa gjennom Sør-Varanger.

Finnmark vart ein del av fagprogrammet

Tysdag gikk turen til Tana vgs. Frå minibussen fekk vi tid til å ta inn det storslagne, åpne landskapet, dei lange avstandane og kontrastane mellom hav, fjell, skog og vidde.

Busetnaden er spreidd, og mange tenkte nok på at her blir kvar enkelt person ekstra viktig for sitt lokalsamfunn. I Bugøynes møtte vi den lokale eldsjela Trond Høiberget. Vi hadde lenge bestemt oss for at vi ville til Bugøynes, men hadde av ulike årsaker ikkje fått på plass ein avtale med nokon som kunne vise oss rundt. Så tipsa bussjåføren på flybussen oss om Trond.

Då han kom inn frå fiske måndag kveld kl 22, meinte han at 12 timars varsel var nok til å ta imot oss neste morgon, vise oss rundt i produksjonen til Norway King Crab og servere kongekrabbesmørbrød!

Tusen takk! Det var spennande å møte kreativiteten og engasjementet og få høyre korleis kongekrabbe frå Finnmarkskysten blir del av ei internasjonal verdikjede.

Besøket vart supplert dagen etter med eit spennande faginnlegg på Teams frå forskar Ann Merete Hjelset ved Havforskingsinstituttet.

Verdas nordlegaste naturbruksskule?

I alle fall: Etter 20 mil langs vegen vart vi tekne svært godt imot på Tana vidaregåande skule!

Vi fekk lunsj, møtte engasjerte kollegaer, høyrde om utdanningstilboda og fekk sjå m.a. foredlingskjøkken, verkstad, fjøs og stall og tid til spørsmål og refleksjon sammen med kollegar. Skulen tilbyr landbruk, heste- og dyrefag, studieførebuande naturbruk, vaksenagronom og landsline for hundekøyring. Skulen har ei viktig rolle under Finnmarksløpet og i dagane før vi kom var nettopp eit av sjekkpunkta under løpet her.

Som elles i Noreg er naturbruksopplæringa forma av dei lokale forholda. Opplæringa speglar næringane og naturressursane i området, skilta er på både norsk og samisk, og snøskuteren har ein naturleg plass i kvardagen. Vi tek med oss mange inntrykk heim; ikkje minst påminninga om kva superenkel forskning viser!

Forsking, landbruk, reindrift og naturforvaltning i Pasvik

På NIBIO Svanhovd budde vi i ein spennande kombinasjon av forskingsstasjon, besøkssenter og overnattingsstad, tett ved Pasvikelva og grensa mot Russland. Om kvelden kunne vi sjå både nordlys og lysa frå Nikel på russisk side.

Forskingssjef Snorre B. Hagen gav oss eit engasjerande innblikk i forskinga på Svanhovd, og vi fekk lære meir om naturen og forvaltninga av Øvre Pasvik nasjonalpark.

Naturbruksskolenes Forening gjennomførte også årsmøtet med ordinære årsmøtesaker og val til styret. Tusen takk til rektor ved Senja vidaregåande skule, Stein Erik Svendsen, for mangeårig innsats som styremedlem i NatFor. Det har vore ei glede å samarbeide med deg! Eva Britt Birkenes, rektor ved Tana vidaregåande skule, går frå varaplass til fast styremedlem, medan Anita Frelsøy, rektor ved Ytre Namdal vidaregåande skule, blir nytt varamedlem. Velkomne til dykk begge!

Årsmøtet bestemte også at foreininga skal få ny heimeside. Det arbeidet tek vi fatt på no. Spennande!

Hos Ola Johansen i Øvre Pasvik fekk vi møte landbruk under heilt andre naturgitte forhold enn mange av oss er vane med. Ola er ein av inspirasjonsbøndene i Økologisk Norge, og besøket handla mellom anna om bureisinga i Pasvikdalen, god agronomi, lokale ressursar, økologisk mjølkeproduksjon og matberedskap. Tusen takk til Ola for at du delte erfaringar, kunnskap og entusiasme for landbruket!

Neste stopp var vinterbustaden til reindriftseigar Egil Kalliainen. Det var fascinerande å høyre korleis reinen kjenner rytmen i året og flyttinga mellom sommar- og vinterbeite. Vi fekk også høyre om bruk av lokale fôrressursar, mellom anna elvesnelle, når vinterbeitet er skralt.

Samtidig fekk vi innblikk i utfordringane med ulv som kjem frå Russland og tek rein, og korleis den endra situasjonen etter krigen i Ukraina også merkast i Pasvik. Her vart det tydeleg at internasjonal politikk ikkje berre handlar om det som skjer langt borte, men kan få heilt konkrete konsekvensar for kvardagen og næringsdrifta.

Kaffi, kanelbollar og bål gjorde besøket til ei ekstra god oppleving.

Fire dagar vi tek med oss vidare

Den siste kvelden heldt rektor Ketil Foss ved Pasvik Folkehøgskole kåseriet «Slik er det å bo og jobbe i grenseland». Forteljingane hans om livet nær Russland og korleis forholdet over grensa har endra seg, knytte på mange måtar saman heile samlinga.

På fire dagar hadde vi møtt skule og utdanning, landbruk og reindrift, sjømat, forsking og naturforvaltning, historie og kultur. Og ennå viktigare: dei venlege, rause og gjestfrie menneska vi møtte over alt. Tusen takk Finnmark, dette var ei stor oppleving!

Ein ekstar takk til Tana vidaregåande skule, vertane våre og alle som opna dørene, delte kunnskap og gav av tida si. Og takk til alle deltakarane som møtte opp med nysgjerrigheit og positive forventningar, køyrde minibuss og bidrog til gode opplevingar og eit sterkt sosialt og fagleg fellesskap.

For dei som ikkje hadde høve til å vere med denne gongen, håpar vi dette gir ein liten smak av kva ei årsmøtesamling i Naturbruksskolenes Forening kan vere: fagleg påfyll, nye perspektiv og gode møte.

Kanskje blir du med neste gong?

Tekst og foto Tone O Mosebø