Årsmøtesamling på Senja, april 2024

I 2024 sette vi kursen nordover til Senja for årsmøtesamling i Naturbruksskolenes Forening. Naturbruksskulane våre finst over heile landet, og ofte er det kollegaene våre frå nord som reiser langt for å delta på samlingar. Denne gongen snudde vi på det og reiste nordover. Det er vi veldig glade for at vi gjorde!

Vi fekk nokre innhaldsrike dagar med fagleg påfyll, nye opplevingar, gode samtalar og tid til å bli betre kjende med kollegaer frå andre delar av landet. Og ikkje minst fekk vi oppleve nordnorsk gjestfridom og bli betre kjende med naturbruksutdanninga på Senja.

Blått og grønt naturbruk

Ein viktig tema var kombinasjonen av blått og grønt naturbruk. Vi besøkte SalMar sitt visningssenter for laks på Finnsnes og det nye lakseslakteriet på Silsand, og fekk eit nærare møte med havbruksnæringa.

På Senja vgs avd. Gibostad møtte vi både blå og grøn naturbruksutdanning. Vi besøkte ein viktig læringsarena for elevane innan landbruk; geitefjøset, lærte om entreprenørskapsopplæring, besøkte skulebygget og møtte fornøgde elevar (og vakre veggmåler)i. Samlinga gav oss også god mulighet til å bli kjende med den viktigaste læringsarenaen for blått naturbruk, skulebåten Skårongen, lære korleis han blir brukt i opplæringa, og til og med prøve fiskelykka.

Tysdagen var det tid for sjølve årsmøtet. Ei innhaldsrik årsmelding for 2023 vart lagt fram, saman med dei andre ordinære årsmøtesakene.

På rundtur på Senja fekk vi både oppleve landskapet og tid til å snakke saman undervegs. Rektor, og mangeårig styremedlem i NatFor, Stein Erik Svendsen, gav oss ei grundig innføring i korleis skulen arbeider med lærande skuleleiing og vi reflekterte alle over korleis blått og grønt naturbruk kan samarbeide og gjere kvarandre gode.

Det viktigaste er kanskje menneska

Det er mykje vi kan lære gjennom innlegg, skulebesøk og bedriftsbesøk. Men noko av det aller viktigaste med desse samlingane er likevel alle samtalane som skjer i pausene mellom programpostane.

Når folk som arbeider med naturbruksutdanning i ulike delar av landet møtest, oppdagar vi både kor forskjellige og kor like vi er. Vi får dele idear, utfordringar og erfaringar og knyte kontaktar.

Det er nettopp dette Naturbruksskolenes Foreining jobbar med å skape: møteplassar der vi kan lære av kvarandre, få nye impulsar, gode opplevingar og bygge eit sterkare nettverk rundt naturbruksutdanninga i Norge.

Tusen takk til vertskapet vårt på Senja vgs for gjestfridom, mat, minibussar og eit lærerikt og opplevelsesrikt program! Tusen takk til alle som deltok og bidrog til gode dagar!

Har du ikkje vore med på ei årsmøtesamling enno? Då håper vi du blir med neste gong. Det er plass til fleire rundt bordet, og vi vil veldig gjerne møte deg også!

Foto: Tone Olavsdotter Mosebø