To vertsskular, mange idear og gode samtaler på årsmøtesamling i Trøndelag 

Årsmøtesamlinga 8.–9. april 2025 samla naturbruksskular på Skjetlein vgs og Øya vgs. To dagar med skulebesøk, fagleg påfyll og gode samtalar gav inspirasjon og nye perspektiv på utviklinga av naturbruksutdanninga.

Årsmøtesamlinga 8.–9. april 2025 samla naturbruksskular på Skjetlein vgs og Øya vgs. To dagar med skulebesøk, fagleg påfyll og gode samtalar gav inspirasjon og nye perspektiv på utviklinga av naturbruksutdanninga. 

Første dag var lagt til Skjetlein vgs. Her fekk vi bli betre kjende med skulen, utdanningstilboda og dei strategiske tankane for vidare utvikling. Gjennom ei rundvising fekk vi sjå ulike læringsarenaer innan mellom anna landbruk, hestefag, dyrefag, gartnarfag og anleggsgartnarfag. Bruken av skulegarden i undervisninga stod sentralt. Heile garden på Skjetlein vgs er økologisk driven, og både gardsstyrar og avdelingsleiar delte villig sine erfaring med det, og også korleis dei organiserer samarbeidet seg i mellom for å sikre at gardbruket blir ein best mogleg læringsarena for elevane.

Kvelden baud på besøk hos Trondheims Matperler og middag på Eggan Nedre. Det gav, i tillegg til nydeleg mat i stabburet på Eggan, god tid til uformelle samtalar og nettverksbygging.  

Onsdag starta med årsmøtet i Naturbruksskolenes Forening. Deretter fekk vi fagleg påfyll om ny modell for landbruksopplæring på Vg2 og Vg3, og om gartnaropplæring og samarbeid med Bybonden i Trondheim. 

Samlinga vart avslutta på Øya vgs, og etter treretters lunch (tusen takk!), vart vi vist rundt på skulegarden. Vi fekk møte både elevar og tilsette, og høyre om skulen sine tankar om skuleutvikling og besøke læringsarenaer innan både landbruk, friluftsliv, hund- og dyrefag og anleggsgartnarfag. 

Det er alltid inspirerande og lærerikt å møte kollegar og å besøke andre skular, og alltid noko vi tek med oss heim til eigen kvardag!  

Tusen takk til Skjetlein vgs og Øya vgs for godt vertskap, og til alle deltakarane for gode samtalar, erfaringsdeling og ei lærerik samling!