torsdag, 17 februar 2011 21:51

Elevar på Tomb stortrivst i skogen!

Tynning og slutthogst som tema.

Skogsdrifta er i gang med glitrande forhold. Tælen gir ypperlige driftsforhold, og lite snø gjer felle- og kvistejobben enkel. Elevane på Tomb stortrivst i skogen, særleg når læraren serverer nylaga skogskaffi frå svartkjele.
Tynning og slutthogst står som tema i skogbrukspraksisen. I tillegg til dette ser vi på mogelegheitene for å gi undervisning i treklatring, samt bruk av motorsag oppe i treet for å beskjære det eller felle det frå toppen.
Det er stadig større etterspørsel etter folk som meistrar dette. Det ser ganske farlig ut, men ved å bruke sikkerheitsutstyret riktig er risikoen for uhell liten. Det gir uansett eit ordentlig adrenalinkick; med eller utan motorsag.

Tekst og foto: Lars Olav Freim – skogbrukslærar TOMB